Styremøte møte i NBF Sogn og Fjordane 2/2-05 på Gordon Gjestetun.

 

Desse møtte: Jonill Storøy, Lisbeth Yri, Kai Lille-Homb, Ole Jonny Grøneng, Njål

                      Kjørvik og Haldor Sunde.

 

 

Sak 1.  Kjøp av bridgebord

 

Quality Førde Hotel har sagt seg villig til å kjøpe inn bridgebord mot at krinsen avviklar

dei av arrangementa sine som blir lagt til Førde på dette hotellet.

 

Vedtak: Lisbeth og Jonill får fullmakt til å forhandle fram ein avtale.

 

Sak 2. KM par. 

 

Fire av para som skulle spele sonemesterskap siste helga dette vart arrangert, vart forhindra på grunn av stengde vegar.  Skal desse få tilbod om å spele KM-par?

 

Vedtak:  Dei får tilbod om å spele KM-par, og turneringa vert utvida frå 56 til 60 par.

 

Sak 3. NBF organisasjonsdagar 4 – 6. mars.

 

Vedtak:  Krinsen har ikkje noko eiga markering i samband med dette. Når det gjeld

               rekruttering vert det vurdert eit samarbeid med andre kretsar med tanke på

               idear om korleis få dette til.

 

Sak 4. Honorar 2004     

 

Inntil kr 40 000,- kan fordelast på styremedlemmane.

 

Vedtak:  Kai Lille-Homb utarbeider framlegg til neste styremøte.

 

Sak 5. Ymse

 

Kai inngår avtale med Quality Sogndal Hotel vedr. KM-singel.

 

Haldor lagar til innbyding til KM-par i samarbeid Lisbeth og Jonill.

Startkontingent kr 350,- pr spelar.  Halv pris for juniorar

Ein spelar som kvalifisert til KM-par kan spele saman med ein annan kvalifisert spelar sjølv om dei ikkje har spelt saman i sonemesterskapen.

 

Premiering i Fylkesmesterskapet for par:  1. pr. kr 1 500,- 2. pr. kr 1 000,- 3. pr. kr 500,-. 

                                                                   Deretter abbonement på BIN og bokpremiar

 

Premiering i KM-par sonemesterskapa:    Njål Kjørvik er ansvarleg for dette innafor gitt

                                                                   ramme.

 

 

Haldor Sunde

Sekretær