Svake to i spar...
Ein kveld på Topbridge opplevde Arnt Ola Fidjestøl at det kom to nesten identiske spel på rekke og rad.
Arnt Ola sat nord og såg at vest opna med to spar, og ingen hadde meir å tilføye. To spar med tre beit utanfor sona ga 83,33% score til nord/syd. Dersom syd hadde klart å finne fram ein doblingslapp hadde det sjølvsagt blitt alle poenga på spelet, men ein kan vel ikkje vente at han skulle klare det?
Så kom neste spel - Arnt Ola sit i vest og ser dette meldingsforløpet:
A K Q 5
A Q J
K 6
J 10 9 5
| Vest | Nord | Syd | Øst |
| Pass | Pass | 2 spar | |
| ??? |
Kva gjer du?
Arnt Ola passa, og det gjorde alle andre også. To spar var ei beit og 3 NT sto
øst/vest, så belønninga på spelet var ein rein null.