Stepstone skvis
| E D 5 4 8 7 6 10 9 8 7 6 9 |
||
| K 2 D kn 10 5 4 2 K kn E K kn |
kn 9 7 6 E 3 D 5 D 8 7 5 4 |
|
| 10 8 3 K 9 E 4 3 2 10 6 3 2 |
|
Øst-vest meldte seg fort opp i fire hjerter på dette spelet, og dersom motspelarane surra i motspelet kunne vest briljere med ein stepstone skvis. Det kom singel kløver ut frå nord, som speleførar stakk på handa. No tok han to gonger trumf slik at syd kom inn. Syd skifta til spar som gjekk til nord si dame. Nord spelte tilbake ein ruter som syd dukka og vest kom inn på knekten. Problemet for speleførar er at kløveren er blokkert. Han har ikkje inntak i bordet til å hente dei to kløverstikka dersom kløveren sit fire i mot, men det dårlege motspelet har løyst problemet for han. Han tek hjerterstikka og kløver konge. Stillinga er no:
| E - 9 8 - |
||
| K - kn kn |
- - - D 8 7 |
|
| - - E 10 6 |
|
Syd kan ikkje kaste kløver og må difor blanke ruter ess. Speleførar kan ta for kløverknekt og spele ruterknekt slik at syd kjem inn og må hjelpe han inn i bordet.
Syd kunne sjølvsagt ha unngått ydmykelsen fleire gonger i spelet. Først ved å spele kløver til steling hos makker når han er inne på hjerter konge, og deretter ved å stikke med ruteress og fri seg med ruter eller spar når nord spelte ruter tilbake.