Spenning i dei siste rundane i parfinalen
Å følge eit par i parfinalen kan faktisk vere ganske spennande, og i mangel potensielle vinnarkandidatar frå Sogn og Fjordane var vi mange som hengte oss på Espen Kvam og Bjørn Morten Mathisen som representerte Møre og Romsdal. Dei hadde faktisk lenge sjansen til å vinne, og her er eitt av spela som hjalp dei på veg:
| Rundenr 83 | ª A32 | ||
| Spillnr 165(5) | © KQT54 | ||
| Giver: Nord | ¨ 87 | ||
| Sone: Nord-Syd | § Q75 | ||
| ª Q64 | ª J987 | ||
| © 87 | © 9 | ||
| ¨ AKT2 | ¨ QJ9654 | ||
| § AJ94 | § K8 | ||
| ª KT5 | |||
| © AJ632 | |||
| ¨ 3 | |||
| § T632 |
| Vest Espen Kvam |
Nord Peter Marstrander |
Øst Bjørn M. Mathisen |
Syd Rune B. Anderssen |
| 1 hjerter | Pass | 3 ruter (minisplinter) | |
| X | 4 hjerter | 5 ruter | X |
| Pass | Pass | Pass |
Som vi ser, var det i utgangspunktet "feil" av Bjørn Morten å stampe i 5 ruter sidan 4 hjerter ikkje sto, men sjå kva som skjedde når syd spelte ut ein trumf i staden for å ta for hjerter ess. Speleførar tok ein runde trumf, og bestemte seg etter lang betekning for å spele kløver konge og kløver ess og deretter kløver til steling. No sto kløverknekten, så han spelte seg inn i bordet på ein trumf og kasta hjertertaparen. Så var det berre å løyse sparen med to taparar.... Spar 6 gjekk til knekt og konge. Hjerteress trumfa han på handa og spelte spar ni. Når syd var behjelpeleg med å dekke var det ikkje meir å lure på. 550 inn var verdt 40 av 42 oppnåelege poeng på spelet.
Marstrander-Anderssen var ikkje heilt heldige i dette spelet, men dei blei nr. 7 i turneringa og vant Rica-prisen for beste spel. Det kan du lese her.