Eit spel frå KM lag kvalifiseringa i Førde
Av Jørund Årdal
| D kn x E D 9 x x x K x x x |
||
|
|
||
| x x x x E D x E D 10 x x x |
5 av dei 8 borda i Førde var i 4© i nord. Utspelet var liten ¨ frå øst. Planlegg speleføringa før du les vidare!
Her er etter alt å dømme 2 spartaparar, dermed må kontrakta spelast med berre ein trumftapar. M.a.o. må hjerterkongen sitje i kutt! Skal det trumfast spar i bordet? Nei, for skal det ha noko poeng, må både ess og konge sitje hos Øst, det gjer dei nok ikkje, då hadde nok ein topphonnør komme i utspelet. Det er inntak nok til å spele spar forbi Q,J,x to gonger. Konklusjonen blir då: Stikk opp med ruterdama i bordet og ta hjerterkutten med dama. Kutten går bra og alt ser lyst ut! Ned med hjerter ess, men då viser øst renons, altså to trumftaparar. Sidan vi her spelar lagkamp må vi no risikere to beit for å vinne kontrakta, difor kløver til dama med håp om kongen 3. i kutt.
Akkurat slik sat det, og med ruter ess som innkomst kunne ein godspelt kløver nyttast til å kaste ein spar i tillegg til den som forsvann på kløver ess.
2 av dei 5 borda som var i 4© fekk 10 stikk, dei 3 andre gjekk 1 beit.
Slik var heile spelet:
| D kn x E D 9 x x x K x x x |
||
| K x x K kn 10 x x x x kn x x |
|
E x x x x x kn x x x K x x |
| x x x x E D x E D 10 x x x |