Små detaljar....
Det er ikkje lett å vippe Haldor Sunde av pinnen ved kortbordet.. Her er eit døme frå 2. divisjon:
| E K x x x E x x E x x D kn |
||
| kn x x x x K kn 9 x x x x x |
10 x x x K D 10 x x x - x x x |
|
| D kn x D 10 x x E K 10 9 x x |
| Per-Chr. | Jørund | Geir A. | Haldor |
| 1 spar | 2 hjerter | 3 kløver | |
| Pass | 3 ruter | Pass | 3 hjerter |
| Pass | 6 kløver | Pass | Pass |
| Pass |
Per-Christian fant det glimrande utspelet av ein liten ruter. Frå Haldor sin synsvinkel ser det trygt ut å gå opp på ruter ess. Det er ikkje usannsynleg at utspelet kan vere ein singelton, og dersom han får for ruteress har han 12 stikk (reknar med 4 sparstikk). Så Haldor stakk glad og fornøgd med ruter ess, og Geir Angedal trumfa - endå meir glad og fornøgd. Han hadde laga klar korta sine i ein bunke med kløver to øverst, og når Haldor la ruter ess klaska han heile bunken i bordet. Alle vart litt forundra over dette, men Haldor spelte ferdig spelet og noterte ei beit. Etterpå diskuterte dei spelet, og Jørund lurte på speleføringa. Haldor svarte at han trudde det var safe å stikke opp, men at han hadde oversett den lille detaljen at øst kunne vere renons i ruter...