Redd makker!

Er du ein snill makker? Prøv deg på dette spelet:

Du har:

D 10 9 8
5
10 3
D 10 9 7 5 3

og meldingane ser slik ut:

Vest Nord Øst Syd (du)
      pass
1 ruter 1 hjerter pass * pass
X * pass pass ?????

Melder du noko no? Eg trur du bør det. Makker har blitt tatt på ein-trinnet, og med mindre du trur at motparten er heilt på jordet kjem dette til å bli eit blodbad av dimensjonar. Det kan neppe bli verre om du prøver å redde makker. Meld to kløver (redobling kan vel også vere eit alternativ?) og håp på det beste!

Heile spelet såg slik ut:

Syd
Alle
5
D kn 7 6 4
K D 4 2
kn 6 4
 
E kn 7 3
9 2
E kn 8 7 6
K 2
  K 6 4 2
E K 10 8 3
9 5
E 8
  D 10 9 8
5
10 3
D 10 9 7 5 3
 

Dersom motparten er veldig sta og doblar deg i to kløver går du i verste fall ei beit eller to og får ein god score sidan motparten har minst 600 i korta. Hvis dei surrar litt i motspelet og gløymer å spele trumf, får du heim kontrakta. Dersom motparten er litt mindre sta og melder utgangen sin får du middels på spelet, men dersom du let makker spele 1 hjerter dobla får du 800 ut, alle minuspoenga og ein sur makker. Take your pick!