Trumfhøgning

Nord/syd hamna i 2 spar etter eit litt snodig meldingsforløp: (Vest sin kommentar etter meldingsforløpet var: No dobla vi dei visst opp i ei kontrakt som står...)

Rolf Nord Jonill Syd
1 ruter Pass 1 NT X
Pass 2 kløver X 2 hjerter
X Pass Pass 2 spar
Pass? Pass Pass?  

 

  E 2
3
9 7 6 5 4
E 8 7 6 5
 
10 4 3
E K kn 7
E K 10 2
10 3
  kn 9 5
8 5 2
8 3
K D kn 4 2
  K D 8 7 6
D 10 9 6 4
D kn
9
 

Utspelet var kløver ti som esset i bordet tok seg av. I neste stikk kom det hjerter til dama og kongen. Vest fridde seg med ein kløver som syd trumfa. Hjerter til steling gjekk bra og så kom spar ess og ein ruter. Vest tok hjerterstikka og ruterstikket, og stillinga er denne:

  -
-
9 7 6 
 
10 4
-
10 2
-
  kn 9
-
-
K D
  K D 8
10 
-
-
 

Øst/vest har fått 5 stikk, og Rolf fant ut at beita måtte komme frå eit trumfstikk. Han spelte ruter ti i tilfelle eg skulle ha trumf konge, men det hadde eg jo ikkje, så eg la spar knekt som forfremma tieren i vest til stikk.