Junior VM
Sjur Arne Bøe og Ørjan Lindesteg har vore i Ungarn og spelt junior VM. Dei
var ikkje heilt fornøgde med sluttresultatet (106 av 189 og 49,33%), men ellers
var det ei flott oppleving, seier Sjur. Særleg var det artig å få spele mot
spelarar som 16-årige Augstin Madala frå Argentina. Han vart søramerikansk
meister allereie som 14-åring, og no blir han invitert til dei største
invitasjonsturneringane i verda. Ein stad var han ranka som nummer to i verden
etter Helgemo... Han spelte med Shivam Shah, ein 11-åring frå England som er i
Guiness rekordbok etter at han spelte si første internasjonale turnering som
femåring.
Her finn du bulletinane
frå turneringa. I første bulletinen fortel ein danske om sitt møte med Sjur...
(side 2 for dei utålmodige).
Her er eit spel der Sjur fekk til eit innspel:
| Giver: S Alle i sona |
K kn 10 7 kn 6 E 9 4 3 2 K 10 |
|
| 5 3 K 7 5 4 2 K 7 kn 9 7 6 |
E D 9 6 E D 9 3 10 5 E 5 4 |
|
| 8 4 2 10 8 D kn 8 6 D 8 3 2 |
Meldingane gjekk slik:
| Vest | Nord | Øst | Syd |
| Pass | |||
| Pass | 1 ruter | 1 NT | Pass |
| 2 ru | Pass | 2 hjerter | Pass |
| Pass | Pass |
Sjur Arne Bøe vart speleførar i to hjerter, og syd spelte ruterdama ut. Han fortsatte med ruter til nord sitt ess og han skifta til spar knekt som Sjur stakk med dama. Deretter kom spar ess og spar til steling. No tok han to gonger trumf før han spelte handa sin siste spar til steling. Kløver ess og ny kløver putta inn nord som måtte spele ruter til dobbelrenons. Ti stikk og god pluss til sogningane.
Her er eit spel der dei fekk masse poeng for meldingane. Han får fortelje sjølv:
| Giver: Øst N/S i sona |
K 10 9 7 5 kn 10 8 6 4 3 8 3 |
|
| 6 3 2 E D kn 10 9 8 5 E 10 5 |
E 8 K 6 3 E D 7 K D kn 9 2 |
|
| D kn 4 9 7 5 4 2 K 2 7 6 4 |
Eg åpna med ein kløver i øst, og fekk ein ruter av makker.Så var det å finne
eit godt svar utan å lyge altfor mykje til makker...
Eg gjorde vel det motsatte då eg drog 1 spar or meldeboksen...Makker sa ein nt
som eg løfta til utgang. Nord ville jo ikkje spela fargen min, so han serva ein
hjerter... 12 stikk og solid pluss...