Innspelsskvis

Korleis spelar du 3 NT etter dette meldingsforløpet:

Vest Nord Øst Syd
  1 kløver 1 spar 3 NT
Pass Pass Pass  

 

  5 4
E kn 6 5
kn 9 6
E D 8 3
 
     

 

  10 8 7 6 3
K 10 3
E D 2
K kn
 

Utspelet er spardama og skift til kløver.

Terje fann ei god løysing på OK bridge (IMP). Han tok to gongar kløver og deretter hjerter konge og hjerter til esset. Inga dame viste seg, men på siste kløveren må øst kaste eit kort. Han valgte å kaste ei ruter. Ruter til dama og ruter esset felte kongen, slik at den fargen ga tre stikk og ni til saman. Her er heile spelet:

  5 4
E kn 6 5
kn 9 6
E D 8 3
 
D
D 9 8 4
10 8 7 5
9 7 6 5
  E K kn 9 2
7 2
K 4 3
10 4 2
  10 8 7 6 3
K 10 3
E D 2
K kn
 

Dersom øst i staden kastar ein spar blir stillinga denne:

  5
kn 6
kn 9 6
-
 
-
D 9
10 8 7 5
-
  E K kn
-
K 4 3
-
  10 8 7 
-
E D 2
-
 

Syd spelar ruter til dama og ein spar. Øst kan innkassere tre sparstikk, men må avslutte med ruter opp i saksa.