Ein god stamp!

Kva gjer du om motparten hamnar på 4-trinnet i din farge? Det verkar ikkje som nokon god ide å doble, for då tek dei sjølvsagt ut, ikkje sant?

Spelet er frå Norevikturneringa for mange år sidan, og vekker fortsatt dårlege minner:
 

Nord/NS 8 2
K 3
E K D 10 2
10 7 6 5
 
K 7 6 5 4
kn 10 9
4
K 8 4 3
  E D kn 10 9
D 7 4
kn 3
kn 4 2
  3
E 8 6 5 2
9 7 6 5 2
E D
 

 

Vest Nord Øst Syd
  1 ruter 1 spar 2 hjerter
4 ruter * Pass Pass Pass

4 ruter var meint som splinter med spar, men øst var ute eit lite øyeblikk og passa. Tordenveret i vest starta allereie før bodet kom ned, og nord/syd såg svært lyst på livet. Det fortsatte vi med medan ein rasande vest skreiv 4 ruter med 0 stikk på slippen - utan å spele eit einaste kort.
I røykepausen hadde vi ei god historie, men når slippane kom att ramla geipen! 10 udobla sonebeit er 500 poeng, medan utgangen i ruter vår veg ga 600...