Deprimerande!
Av og til kan bridge vere ganske deprimerande! Berre sjå denne tragiske historia frå OK bridge:
Her er handa mi:
E 8 2
D 7 5 4 3
E 9 3
8 6
og med alle i sona, meldte vi slik:
| Vest | Nord | Øst | Syd (eg) |
| Pass | |||
| Pass | 1 ruter | X | 1 hj (gløymde å redoble for å vise 10+) |
| X | 2 kløver | Pass | 2 ruter |
| 2 hjerter | Pass | Pass | Pass |
Før eg passa ut dette sjekka eg statsen til vest (eit slags ratingsystem på OK). Den var veldig høg (MYKJE høgre enn min), men eg var fortsatt sikker på at enten han eller makkeren hans måtte vere idiot, så eg passa med julekvelden i vente. Det var feil! Litt etter noterte vi 110 til øst vest (masse små trumf kan vere ei stor plage av og til i motspel), og så noterte eg meg at 5 ruter absolutt er spelbart vår veg...
| Syd/Alle | kn 10 9 - K D 7 5 4 K D kn 10 9 |
|
| D 5 3 K kn 10 9 6 10 8 6 4 2 |
K 7 6 4 E 8 2 kn 2 E 7 5 3 |
|
| E 8 2 D 7 5 4 3 E 9 3 8 6 |
Det einaste positive med spelet var at eg gløymde å redoble. Vest melder sjølvsagt 1 hjerter, og dersom makkeren min passar, kjem eg til å doble det!