Skryt til ein bergenser

Det er ikkje kvar dag det kjem skryt frå Nordfjord til Bergen, men Paul Henning meinte at Arild Rasmussen fortjente all honnør for dette motspelet, sjølv om det var Paul Henning sin makker det gjekk ut over.

Rundenr 11   ª K9872  
Spillnr 76(20)   © 954  
Giver: Vest   ¨ 942  
Sone: Alle   § 94  
  ª T63   ª AJ4
  © T8   © AQ62
  ¨ AT63   ¨ Q8
  § K863   § AQT5
    ª Q5  
    © KJ73  
    ¨ KJ75  
    § J72  

Frode Holen sat i øst og blei speleførar i 3 NT. Arild Rasmussen i syd spelte ut ein liten hjerter som gjekk til tieren i bordet. Speleførar har no eit sparstikk, to hjerterstikk, eit ruterstikk og fire kløverstikk - åtte totalt. Det er ikkje heilt opplagt kvar det niande skal komme frå, så han starta med å spele ein ruter til dama. Den rauk til kongen. Syd treng eit gjennomspel i hjerter for å få ordna seg nokon stikk i den fargen og må difor ha inn makker. Han såg det som ganske sannsynleg at speleførar mangla ruter ni ettersom han fort kunne prøvd å legge den i staden for dama når kongen ikkje kom på. Dersom speleførar skulle bli skikkeleg i beit for stikk var det heller ikkje usannsynleg at han før eller seinare ville prøve ein ruter til tieren. Arild bestemte seg difor for å komme speleførar i forkjøpet og spelte tilbake ein liten ruter. Frode Holen dukka i bordet og Thomas Charlsen kom inn på nieren. Hjerter gjennom gjorde at kontrakta ikkje lenger kunne vinnast.

Spelet er frå NM monrad lag der BAK slo Holen 20-10. Når røyken hadde lagt seg var det likevel Holen som var best. Dei blei nr. 2 og BAK nr. 4.