Ferskingen 2006
15 par stilte til start i ferskingen 2006. Dei fleste para var miksa av ein nybegynnar og ein erfaren spelar. Det var fire par frå Balestrand, to frå Fjaler Vest, to erfarne spelarar frå Gulen og ein nybegynnar frå Bergen. Resten var førdianarar.
I fjor fekk ti klubbar i landet tilskot frå Frifond fordi dei hadde fem eller fleire medlemmer under 26 år. To av desse klubbane var frå fylket vårt - nemleg Balestrand og Førde. Desse klubbane har i fleire år jobba godt med å rekruttere nye medlemmer og det er ikkje tilfeldig at dei kjem mannsterke til slike turneringar også.
Eg er svært imponert over at erfarne spelarar står i kø for å få lov til å spele med nybegynnarane. I år var det fleire erfarne spelarar enn nybegynnarar som ville spele turneringa! Takk til alle som stiller opp, og særleg til Svein Høyland og Asbjørn Nordgulen som reiser heilt frå Gulen for å spele med nybegynnarar.
Ellers var det heilt klart ein fordel i denne turneringa å ha ein erfaren makker som heiter Geir! Her er dei fem beste:
| 1. | Eirik Trontveit - Geir Hoff | Førde |
| 2. | Skjalg Hjelmeland - Geir Hjelmeland | Førde |
| 3. | Hilde Skaaheim - Geir Angedal | Førde |
| 4. | Bente Strømsøy - Svein Høyland | Førde/Gulen og Masfjorden |
| 5. | Terje Engevik - Jarle Ness | Førde |
Heile resultatlista og spelestensilar kjem i morgon.
Kompliment til ein nybegynnar:
Etter å ha meldt ferdig tredje spelet lurer ein av dei erfarne spelarane på kven som er nybegynnaren i paret han møter...
Her er nokre bilete:
Dei fem beste para. Frå venstre Svein Høyland, Geir Hoff, Bente Strømsøy, Geir Hjelmeland, Geir Angedal, Skjalg Hjelmeland, Eirik Trontveit, Jarle Ness og Terje Engevik. Hilde Skaaheim var gått når biletet blei teke.
Firda var innom og eg høyrde rykter om at artikkelen kjem på tysdag.