1. og 2. divisjon 2006/2007

Søndag kl 1810

Det gjekk dårleg for begge 2. divisjonslaga "våre". Lag Sæterdal hamna nest sist i pulja og blir å finne i 3. divisjon til neste år. Møre og Romsdal 2 rykka også ned. I følge Paul Henning gjekk det meste i mot dei i dei siste kampane. Bånnlaget vant og vant og dei fekk bank av Reidar Johnsen (veit ikkje om dei klarte å redde plassen). Då hjalp det ikkje at dei slo vinnarane. Dei to siste kampane i Trondheim er ikkje oppdaterte, men det kjem vel etterkvart.

Heller ikkje i 1. divisjon gjekk det noko bra for mine heltar.

Laurdag 10.02.07 kl 1800

Sæterdal vant 17-13 i første kampen og spelte uavgjort i andre kamp etter å ha lege litt under til halvtid. Dei er fortsatt sist i pulja, men har ikkje gitt opp enno. Her er resultat etter kamp 8.

Møre og Romsdal 2 innleda med å tape 5-25 i første kamp, før dei kom seg og vant 25-5 i neste. Her er resultata.

Fredag 09.02.07 kl 2300

Det ser elendig ut for våre (mine) heltar i 1. divisjon. Med nokre få spel att hadde Hordaland 2 scora 1 VP, Møre og Romsdal 9 VP og Hordaland 1 15.

Fredag 09.02.07

Andre helga av divisjonsspelinga er i gong for 1. divisjon. Du kan følge med på BBO (her er program) eller få løpande oppdatering frå alle kampane her. Slik er ståa etter første helga. Hvis eg får lov til å bestemme heier vi på Møre og Romsdal 1 og Hordaland 1 og 2. Av ein eller annan skrudd grunn har dei også spelt halvparten av kamp åtte, men kor halvtidsresultata har blitt av, må gudane vite.

2. divisjon startar spelinga i morgon. Vi har eit Sogn og Fjordane-lag i Tromsø som må skjerpe seg noko alvorleg denne helga. Dei (Helge Sæterdal, Jarle T. Årdal, Ludvig Langedal og Leif Kvamsdal)  ligg sist etter første helg, men eg er sikker på at dei tek seg kraftig saman og reddar plassen slik at vi får to lag frå fylket i 2. divisjon til neste år. Her er resultat etter første helg. Skal prøve å få greie på kva som skjer etterkvart.

I Trondheim spelar det eit lag som heilt klart er eit Møre og Romsdal lag (no var eg flink Antix??), men som har mange spelarar frå Sogn og Fjordane (Oddbjørn Vinjevoll, Kenneth Skov, Haldor Sunde, Paul Henning Loen, Frode Holen og Jørund Årdal). Dei ligg på niande plass av 12 lag og treng nok også å score nokre VP i helga.

Søndag kl 1622:

Nye tap for 2. divisjonslaga: Vinjevoll tapte 19-11 og Sæterdal 16-14. Begge laga har nok ein jobb å gjere i februar...

Forslag frå Arnt Ola (krinsformann i Møre og Romsdal!) om at eg bør kalle Hordaland 2 i 1. divisjon (tre Høyland-brødre + Tor Bakke) for Sogn og Fjordane, sidan eg er så god til å rappe lag frå nabokrinsar... :-)

Stillinga i 1. divisjon etter 4. kampar. Dei har også spelt halvparten av kamp 8 (WARUM???), men den blir ikkje ferdigspelt før i februar. I siste kampen spelte Møre og Romsdal 1 mot Østfold og Follo 1. Eg har ein følelse av at både Terje og Espen på Møre og Romsdal og Harald og Kjell Gaute på Østfold og Follo følte seg ganske snytt over at resultatet i den kampen var 34-34 til halvtid. Døme: I lukka rom hadde Møre dobla heim 4 ruter med 10 stikk. Gåte frå Antix: Kva er verre enn å doble 4 ru med 10? Akkurat: Å doble 3 ruter med 10. Det skjedde i ope rom!

Søndag kl 1447:

Uavgjort ved halvtid for lag Sæterdal i helgas siste kamp.

Søndag kl 1430:

Grisetett i 1. divisjon. Oslo 1 leder med 69 og så er det tre lag på delt andre plass med 66 - Østfold og Follo, Midt Trøndelag og Møre og Romsdal. 

Søndag kl 1315:

Møre og Romsdal 2 vant 19-11. Bra! Sogn og Fjordane 1 tapte dessverre 22-8 igjen.

Her er Sogn og Fjordane 1 sine resultat denne helga:

Helgeland 1 16
Troms og Ofoten 4 13
Lofoten og Vesterålen 1 9
Salten 1 8
Troms og Ofoten 2 8
Troms og Ofoten 6 14

Søndag kl 1300

2. divisjon skal spele to kampar i dag, medan 1. divisjon skal spele ein og ein halv.

Her er Møre & Romsdal 2 (Paul Henning, Jørund, Frode, Haldor, Kenneth og Oddbjørn) sine resultat denne helga:

Nord-Trøndelag 2, Mediå

16

Rogaland 1, Fjælberg

15

Hordaland 2, Halvorsen

16

Oslo 2, Fodstad

  7

Midt-Trøndelag 5, Hornslien

19

Sør-Trøndelag 1, Bårseth

11

Eg slit litt med å lage same oversikta for dal x 4 sidan eg ikkje kan finne kampoppsettet (Antix?? Oddmund???)

Laurdag 2014

Paul Henning og co. tapte 23-7 for Oslo 2 og Helge og co. tapte 22-8 i fjerde kampen i 2. divisjon. I morgon er det nødt til å gå betre!

I første divisjon har endeleg Møre og Romsdal 1 fått opp dampen. Etter tre kampar er dei nr. 4, seks poeng bak Hordaland 1 og åtte poeng bak dei to laga som leder delt - Midt Trøndelag 1 og Oslo 1.

Laurdag 1845

Møre/fjordanelaget ligg under med 9 imp etter første halvrunde mot Oslo 2. Atle Sæterdal spelar på Oslo 2...

Laurdag 1700

16-14 siger til Møre/fjordanelaget etter å ha leda med 7 imp etter første halvrunde over Hordaland 3. Paul Henning seier at dei to gonger har mangla eitt imp på 17-13 siger. Kjedeleg!

Sæterdal-laget tapte 21-9 mot norgesmeistrane (Lofoten og Vesterålen 1). Dårleg speling, seier sjefen sjølv. Her er endeleg lenke til resultatsida i Tromsø. Takk Oddmund og Antix.

Laurdag 1320

Kaptein Sæterdal seier: No var vi ikkje på høgda og tapte 13-17 mot Troms 4.

Laurdag kl 1309

Møre/fjordanelaget tapte med eitt imp mot Rogaland 1. Ingen nyheter frå Tromsø enda.

Laurdag kl 1150:

Møre/fjordanelaget leder 30-3 etter 1. halvrunde mot Rogaland 1.

Her skal det vere løpande oppdatering frå alle kampane i 1. divisjon. Har ikkje funka heilt endå, men dei får det nok til. Snorre Aalberg spelar 1. divisjon på Vest Agder 1 og oppdaterer også si glimrande heimeside, bl.a. har han allereie laga ferdig ein bulletin.

Fredag kl 2213:

Lag Sæterdal vant 16-14 (51-40) i sin første kamp i 2. divisjon i år. Kampen gjekk mot Helgeland, og våre heltar låg under 25-11 etter første halvrunde, men klarte å snu det i andre. Bra!

Møre/fjordanelaget i Trondheim vant 16-14 mot Nord-Trøndelag 2. Butlerkongane frå KM fortset å gjere det bra – Jørund og Paul Henning har 13 pluss på butleren og ligg på mangedelt 12. plass.

Fredag kl 2030:

Møre/fjordanelaget i Trondheim leder 29-15 etter 1. halvrunde mot Nord-Trøndelag 2.

Kamp en i 1. divisjon ser slik ut:

Kamp 1

IMP

VP

1

Oslo 1

-

Vestfold 1

 

-

 

 

-

 

2

Østerdal 1

-

Østfold og Follo 1

 

-

 

 

-

 

3

Vest-Agder 1

-

Midt-Trøndelag 1

 

-

 

 

-

 

4

Midt-Trøndelag 2

-

Hordaland 1

 

-

 

 

-

 

5

Møre og Romsdal 1

-

Hordaland 2

 

-

 

 

-

 

Fredag 10.11 kl 2000:

2. divisjon

Eg skreiv at Sogn og Fjordane har to lag i 2. divisjon. Sorry Møre og Romsdal, eg skal ikkje rappe laget dykkar sjølv om fire av seks spelarar er herfrå (Paul Henning Loen, Jørund Årdal, Frode Holen og Haldor Sunde. I tillegg er Oddbjørn Vinjevoll og Kenneth Skov med). Dei spelar i Trondheim og her finn du resultat. Her kan du sjekke kven andre som spelar der.

Det andre laget i 2. divisjon er i allefall vårt - dei fire dalane (Helge Sæterdal, Jarle T. Årdal, Ludvig Langedal og Leif Kvamsdal) spelar i Tromsø. Informasjonen derifrå er svært mangelfull. Her kan du sjå kva lag som er med. Eg prøver desperat å få kontakt med nokon av spelarane og hvis det lukkast skal eg halde dykk oppdatert med resultat.

1. divisjon

Denne foregår i Oslo med overføringa på BBO frå kvar kamp. Eg trur du finn det meste av informasjon her. Resultat og oversikt over spelarane. Her er kampoppsett og sånn. Eg kjem til å heie på Møre og Romsdal (og litt på dei to Hordalandslaga), så mine kommentarar blir heilt sikkert farga av det!