Butler 4. divisjon

Om butleren:
Eg har berre registrert butler for 2. helga, men for å få det heile til å funke måtte eg legge inn spelarar for første helga også. Sidan eg ikkje har lister for første helga har eg tippa kven som spelte dei ulike kampane. Alle har fått tildelt 50% på alle spela for første helga, så det har ikkje noko å bety for scoren, men antall kampar og snittscore kan vere feil. Eg beklager dette, men klarar ikkje å gjere noko med det. Eg prøvde å rette opp i det for eit par personar som ga beskjed om at det var feil, men det førte til at meir rot, ikkje berre for dei, men også for spelarar på andre lag (datadjevelen... ein liten mann som sit inni alle maskinar og lagar faenskap). Så sjå på scoren - det er den scoren de oppnådde 2. helga.

Om korta:
Eg har brukt fleire timar på å prøve å importere korta inn i turneringa, men programmet går i frø kvar gong (ingen av dei stygge orda eg kan ser ut til å hjelpe heller). Den einaste filtypen eg har klart å eksportere til som ser fornuftig ut er den som eg har lagt ut no. Eg anar ikkje om det går an å opne filene for andre. Du får prøve. Sei frå hvis det ikkje går - eg trur eg evt. kan sende dei på e-post. Første spelet på lista er første spelet i kamp 7. Hvis eg tek feil i det, så gje meg eit ord.

Takk for alt!