Sone Breim 27.01.1979

Frå Firda 03.02.79

Sandane-par best i Breim

Tre nye Førde-par kvalifiserte til KM på Skei.

26 par deltok i den andre sonetevlinga i bridge som vart avvikla på Breim sist helg med Selje Bridgeklubb som arrangør. Etter det Firda får opplyst av klubbformannen Hans Petter Sætren kom 13 par over middelscore, og best av desse var Sande/Svendsby frå Sandane. Men Jølster-paret Juklestad/Årdal var ikkkje langt bake, og med Viken/Årdal på 7. plass fekk Skei to par kvalifiserte til krinsmeisterskapen der dei får heimebane. Også Dale fekk to par kvalifiserte med gode plasseringar. Førde hadde alle sine fire par blant dei 11 beste, men akkurat kvar kvalifiseringsgrensa kjem til å gå er det opp til krinsen å avgjere. Dei tre beste bør vere sikra plass i krinsmeisterskapen. I helga vert det spelt sonetevling i Florø, og der vil Førde ha med 6 par. Dei beste resultatat frå Breim:

Middelsscore 600

1. J. K. Sande - T. Svendsby Sandane 705
2. N.J. Juklestad - J. Årdal Skei 696
3. Å. Ness - N. Nitter Dale 682
4. A. Eikenes - H. Eikenes Stryn 675
5. I. Reikvam - H. Grytten Førde 673
6. L. Løseth - B. Hanssen Dale 670
7. I. Viken - T. Årdal Skei 665
8. A. Huneide - S. Hegrenes Førde 663
9. A. Hafstad - A. Grønfur Førde 640
10. I. Sårheim - S. Raad Breim 629
11. H. Hafstad - B. Skinlo Førde 620
12. K. Sammestad - N. Jordanger Breim 613
13. H. Roald - R. Årdal Sandane 603