Lillehammer er i Norge!
Eg finn det naudsynt
å påpeike dette, fordi det virka som enkelte av deltakarane på bridgefestivalen
trudde dei var på langt sørlegare breddegrader:
I lunsjpausane var
det mange som sette seg på plenen rett ved ein trafikkert veg og kosa seg med
medbrakt øl. Ein av dagane kom det to uniformerte politimenn og jaga folk. Om
det blei delt ut bøter, veit eg ikkje, men det såg ut til at mange hadde det
travelt med å forlate åstedet. Bollar og ølboksar låg strødd utover heile
plenen. (Det blei her motbevist at dei fleste bridgespelarar har kroppar som
ikkje er bygde for fart.)
Dette er IKKJE god
reklame, og vi får jammen håpe at ikkje dei som såg dette kobla øldrikkarane
med bridgefestivalen.
PS! Eg veit ikkje om
nokon frå Sogn og Fjordane var blant syndarane.