I dette spelet frå Lerum Cup var kontrakten 4 spar i vest ved dei aller fleste borda. Men dei aller fleste vestspelarane gjekk også ein beit i ein kontrakt som eigentleg er utapeleg.
|
|
T 8 5 |
|
|
J 6 4 3 2 |
|
A K 9 7 |
|
|
Q |
|
Jørund Årdal fekk ein noko avslørande hjarter sju i utspel frå nord som under vegs hadde meldt kløverfargen på totrinnet. Jørund stakk med hjarter ess og la ned spar ess før han spelte ruter til esset og einhjarter mot bordet. Nord kunne no trumfe, men ikkje hindre vest i å få sine ti stikk. Dersom han lét vere å trumfe, vinn vest elleve stikk ved å trumfe ein hjarter med spar knekt og ta finessen med spar ni i bordet.Eit noko kvassare motpel er ess, konge i kløver frå start og skift til ruter. Men også no vinn vest kontrakten ved å spele hjarter til esset, spar ess, spar til knekten på handa og ein hjarter mot bordet. Einaste forskjellen er at nord no får to sjansar til å trumfe med spar ti og halde speleførar nede på ti stikk.Dei som gjekk beit, spelte tre runder trumf før dei begynte tenke på korleis dei skulle takle 4 – 1 sits i hjarter. Det var litt for seint.