6800 Førde.
Førde, 2. apr. 2004.
SAK TIL KRINSTINGET.
KM – LAG.
KM – lag vert no arrangert med 3 soner, der ca. halvparten går vidare til ein finale.
Førde Bk meiner at KM lag må leggast om til det systemet vi hadde før, med A , B og C pulje.
Grunngjeving:
Med det systemet vi har no må dei mindre gode laga spele mot dei beste laga, og er som regel dømde til å bli ” slakta ”. Det er som regel dei sama laga som går vidare til finalen.
Dersom ein har inndeling i puljer, vil ein få jamnare puljer , der ein får spele mot lag på sitt eige nivå.
Vi trur at det er mange som ikkje vil spele denne kvalifiseringa, fordi dei veit at dei ikkje vil kome vidare. Dette aukar ikkje rekruteringa til bridgen.
Vårt forslag vert at ein tek dei 10 beste laga i KM i år og dei dannar A pulja. B pulja vert så samansett av dei 2 siste laga i KM, og dei 8 beste laga som ikkje kvalifiserte seg til KM – finalen. I ei eventuell C pulje vert det fri påmelding.
I A og B pulja spelar ein over 2 helgar, medan C pulja kan ein eventuelt avvikle over 1 helg.
2 lag rykkjer opp og 2 ned.
Med helsing
Førde BK
Jan Gjertsen
Leiar.