KIubbmeisterskap
Sogn og Fjordane 2008
NBF Sogn og Fjordane innbyr med dette til klubbmeisterskapen 2008. Dette er ei turnering som klubbane frivillig deltek i. Vi oppfordrar likevel flest mogeleg til å delta, då denne turneringa er ei viktig inntektskjelde for krinsen.
Turneringa blir arrangert i veke 3 og 4 (14. januar - 25. januar). Det er same fasiten som blir spelt alle dagane, så ein kan ikkje delta fleire kveldar.

Vi sender denne gongen berre ut kort til 24 spel m/fasittslippar pr. mail Desse må dublerast på førehand. Sender også med med resultatslippar og eksempel på utfylling av desse.
Vi sender dei også ut som kortfiler for legging av
kort med dubleringsmaskin.
Spelinga
kan føregå som ei vanleg klubbspeling med howell eller michell, men det må
spelast minst 24 spel. På krinsen si heimeside finn du oppsett for 5 bord for
11-18 par (http://www.bridge-sfi.org/Service/Oppsett%20for%2011-18%20par.htm).
Dersom klubbane treng fleire spel, må dei legge desse sjølve, men desse tel ikkje i resultatet. Ved oversitt gir de 60 % score, dvs. 41 poeng pr. spel (men dersom nokon har høgare snittscore enn 60 %, skal dei ha det same på oversitten også). Ver nøye med utfyllinga, og ta gjeme kontakt dersom de har spørsmål.
Det blir ikkje krevd medlemsskap i krinsen for å delta i denne turneringa.
Det vert registrert kretspoeng i kvar klubb, avhengig av antal par, samt bonus til dei beste. I totalsamandraget vert det 3 pengepremiar og bokpremiar til dei andre. Det blir også premiar til beste par i kvar klubb, par nærast middel osv.
For å telje med i totalsamandraget må det vere minst tre bord, og alle må delta. Det betyr at nokre av klubbane må vurdere å samordne spelinga.
Startkontigent pr. par er kr 100,- og det skal betalast inn på krinsen sin konto 37002600375 (merk giroen klubbmeisterskap 2008). Klubben må betale startkontingenten for at spelarane skal telje med i samandraget.
Resultata sender de snarast råd og seinast onsdag
31.januar til (bruk helst e-post): helge.seterdal@forde.kommune.no
eller i posten til:
Helge Sæterdal
6819 Holsen
Treng de hjelp? Ring Helge:99232021
Med helsing
NBF Sogn og Fjordane