Frå Firda 10.03.1979

KM for lag vert avslutta i helga.

I dag og i morgon spelast dei siste 5 serierundane i Fjordane Bridgekrets sin lagserie. Kampane går i Førdehuset. Som kjent har krinsen innført eit seriesystem for lag inndelt i tre avdelingar kvar på 10 lag - ein A-serie og to B-seriar. Dei fire første serierundane vart avvikla på weekend-samling i Førde før jul, og i helga møtest dei att for å spele dei gjenståande rundane.
I A-serien, der det vert spelt om krinsmeisterskapen for lag, leiar Dale med 78 poeng, 5 poeng føre Florø 1. På dette gode Dale-laget spelar A. Kyrkjebø/Chr. Nitter og O. Leirpoll/Tr. Leirpoll. Førde sitt beste lag ligg på 5. plass med 37 poeng.
I B-serien avd. I har Høyanger 3 teke leiinga med 80 poeng. Deretter fylgjer Førde 4 med 64 og Skei 2 med 54 poeng. Førde 3 leiar i B II med 70 poeng føre Høyanger 4 med 68 og Sandane 1 med 61 poeng.