Englandsturen 2007

 

Det var massevis av sogningar og fjordingar med Englandsbåten i helga. På heimvegen måtte vi vente i nesten halvannan time på ferga på Oppedal, og hadde vi hatt kort, kunne vi spelt minst fem bord på venterommet på kaia. I tillegg var det nokon fornuftige sjeler som venta med heimreisa frå Bergen til dagen etter, så vi må seie vi var godt representert blant dei ca. 100 personane som var med på bridgecruiset.

 

Dei 16 beste i hovudturneringa fredag gjekk vidare til finalen. Det var berre Svein Høyland frå Sogn og Fjordane som klarte dette.

 

Det var heller ingen store resultat frå vårt fylke si side i sideturnering 1 på torsdag, men i andre turneringa (imps across the field) blei det siger til Gunnstein Fjellheim og Guttorm Lønberg frå Vik.  Dei fulgte opp suksessen med siger i tredje sideturnering også.

 

Laurdag låg båten til kai og dei fleste nytta høvet til ein tur til Newcastle, men straks båten la frå kai var det singelturnering for dei standhaftige. Steinar Grøneng blei nr. 4 og Magne Hatløy nr. 6 i feltet med 56 spelarar.

 

Parallelt med finalen søndag morgon var det også ei sideturnering som vi manglar resultat frå forebløpig.

 

I siste turneringa blei Odd Eriksen og Henning Osen nr. 4 og Pedersen-Angelskår nr. 5.

 

Det blei tatt bilete, men sensuren kjem til å bruke lang tid på godkjenninga, så det er uklart om dei nokon gong blir publisert.

 

Og alle var samde om at det hadde vore ein fin tur… J

 

(PS! Til dykk som var med i fjor: Denne båten var mykje bedre på alle måtar. Bedre spelelokaler, og det var ingen problem å få tak i mat!!!).