Eit par sanne historier

 

Desse historiene blei fortalt av Henning Osen medan vi venta på ferga på Oppedal natt til mandag.  Dei gjorde ventetida mykje kortare!

 

Fem karar frå Høyanger hadde vore i Sogndal og spelt kort. På tilbakevegen var det berre ein av dei som fortsatt hadde lov til å køyre bil. Når dei kom til fergekaia på Hella måtte han så frykteleg tisse at han ikkje klarte å vente til dei fekk køyre om bord i ferga. Dermed gjekk han om bord for å gjere sitt fornødne, medan dei andre fire sat at i bilen. Det dumme var at han hadde gått om bord i ferga som skulle til Vangsnes og ikkje den som skulle til Dragsvik. Vangsnes-ferga la frå kai, og noko snuing var ikkje aktuelt. Endå verre var det at det var siste ferga for kvelden, så den uheldige sjåføren måtte tilbringe ein fem-seks timar på ferga medan den låg på Vangsnes. Dei fire lovlydige karane sat att i bilen og såg siste ferga forlate Hella. Den ferga blei liggande på Dragsvik, og kortspelarane blei liggande i bilen til ein lite populær sjåfør kom tilbake i fem-tida neste morgon.

 

Nokre karar frå Høyanger skulle reise med båt til Sogndal for å sjå kamp. På tilbakevegen hadde dei utpeikt ein styrmann utan særleg erfaring med navigasjon. Han fekk beskjed om å halde seg 200 meter frå land, så var ikkje dette noko problem. Passasjerane sat nede og spelte kort og kosa seg til dei sovna. Langt ut på natta blei dei vekte av styrmannen som kunne fortelje at dei låg utanfor Balestrand og var tomme for drivstoff. Dette var svært merkeleg, syns dei, og lurte på kvifor dei ikkje var komne fram til Høyanger for mange timar sidan.

Det synte seg at styrmannen hadde følgt ordra til punkt og prikke: Når du kjem til Hella og skal over til Dragsvik og ordra er å halde deg 200 meter frå land, så køyrer du inn Fjærlandsfjorden på eine sida 200 meter frå land, og deretter ut på andre sida. Det same gjer du når du kjem til Vetlefjorden og Sværefjorden. Då tek overfarten frå Hella til Balestrand fort litt meir tid enn dei tjue minuttane ein vanlegvis villle klare det på.