Det var tydelegvis litt drama når dei amerikanske damene skulle ta i mot gullmedaljane sine i Shanghai.
Dei blei ståande på scena medan den amerikanske nasjonalsangen blei spelt og heldt oppe eit skilt der det sto: ”Vi stemte ikkje på Bush”.
Venice cup og Bermuda Bowl er bridgen sin olympiade, og på slike arenaer skal ein ikkje legge fram politiske synspunkt.
Det amerikanske forbundet har no hatt tre hastemøter og sendt unnskyldingsbrev til alle som kunne tenkjast å bli fornærma (kanskje bortsett frå Bush), og saka har no løyst seg i fred og fordraglegheit.
(Unnskyld meg, men no klarar eg ikkje å halde meg alvorleg lenger…. Ha, ha, ha, ha, ha, ha, ha, ha)