Det avgjerande spelet frå NM-kampen mot Førde Sæterdal
Av Jan Frode Bolstad

 

Det var ein jamn kamp, der me leda med 5 imp etter 1. halvrunde.

 

Det avgjerande spelet:

 

Lena

 

Jan Frode

K kn 9
E x
E K D x x x
K x

 

E D 10 x x
D kn x
x
E x x x

 

 

 

Eg opna 1 spar, sidan tok Lena kommandoen og stoppa ikkje før 7spar.

 

Så er spørsmålet korleis spele denne safe heim? Ved det andre bordet heiste Årdal-Sæterdal seg opp i 6 spar, så utfallet på dette spelet avgjer faktisk kven som vinn kampen. Med hjerter ut kan ein stele to køverl i bordet, kaste hjerter på ruter og trumfen må vere 3-2.

 

Med ruter ut må der vere nok ruter til at du kan stele deg inn på handa for å ta ut trumfen, om du brukar trumf som ein overgang for å stele andre kløveren. Helge fekk ruter ut mot sin 6sp. MEN eg fekk trumf ut mot 7 spar, kva no?

 

Eg ser at for å få stele to kl i bordet og kaste to hjerter på KD i ruter, må ruter sitja 4-2 eller betre, 5-1 kan ha samanheng med 4-1 i trumf, så den satsar eg ikkje på.

 

Eg spelte på ruter ikkje verre enn 4-2! Tok ut trumfen i tre rundar (desverre) og på AK i ruter hadde Leif berre ein ruter å bidra med! Då vart det ei beit, og tapt kamp. Vunne 7 spar gir vunnen kamp!

 

 

Også honnør til Leif som drog heim 4sp på følgande kort:

 

 

E 9 x x x x
-
K 10 x x x
E x

 

D kn 8 7
E D x
E kn x
x x x

 

2
10 8 7 6 5 4
x x x
K kn x

 

K 10
K kn 9 x
D x
D x x x x

 

 

Vest (Lena)

Nord (Leif)

Øst (Jan Frode)

Syd (Ludvig)

 

1 spar

Pass

1 NT

Pass

2 ruter

Pass

2 spar

Pass

4 spar

Pass

Pass

Pass

 

 

 

 

Etter hjerter åtte i utspel fekk Leif bordet til å vekse gjennom heile spelet, og Lena i vest fekk kun eit trumfstikk på QJ87. Ho fekk også for ruter ess og eg fekk på kløver konge.

 

Eg kunne ha beita kontrakta med å vri singel trumf då eg var inn på kl K, men eg veit Lena har 4-5 trumf ut frå meldingsforløpet. Me har på det tidspunktet fått to stikk, og alle kort er godspelt utan trumfen, som Leif ikkje veit sit skeivt. Eg rekna med ho ordna beita likevel no....

 

Når Leif spelte bordet inn på spar konge, og forlanga ståande hj konge, måtte Lena trumfe med knekten. Då kasta Leif ruter, og sat att med A9 over Q8. Flott spelt!

 

 7sp er eit spel som trygt kan seiast å ha irritert Skjolden BL i helga. Me var ellers nøgde med innsatsen i NM, også med siste kampen.

 

Takkar for godt vertskap heime hjå Jarle, og ynskjer dei lukke til vidare. Me kjem sterkare att !!