Gratisbridge på nettet
Nettbridge må aldri gå på bekostning av frammøte i klubbane og på turneringar, men som eit supplement eller når ein ikkje har høve til å møte er det heilt topp.
Eg vil prøve å samle ei oversikt over stadar ein kan spele bridge på nettet gratis. Sjølv veit eg ikkje om så mange, men det gjer du! Kor spelar du? Send meg adressa og helst så mykje informasjon du orkar om speling, nedlasting og andre ting ein må vite.
BBO (bridgebase)
http://www.bridgebase.com
Denne må alle ha av den enkle grunn at dei stadig har live overføring frå norske
turneringar (og frå heile verden). Gode sjansar til å sjå kjentfolk og kjente
folk briljere og drite seg ut. Spela blir vanlegvis kommenterte på engelsk.
Velg Bridge Base Online - free online bridge - Click here to become a member - Others: Click here to download
Følg instruksjonane (du må bli medlem og installere programmet på PC'en din
etter nedlasting).
Eg syns oppsettet på BBO er ganske rotete, men det går fint an å finne fram både
til speling og ramaoverføringane.
For å finne liveoverføringane gjer du slik:
Dobbelklikk på BBO-ikonet som ligg på skrivebordet ditt etter installasjon. Klikk på Log in to Bridge Base Online. Legg inn brukarnamn og passord og klikk Log in.
Øvre del av skjermen er full av små firkantar med namn inni. Dette er namna
på dei andre som vasar rundt i lobbyen slik som du. På nedre del av skjermen ser
du folk som snakkar. Midt på skjermen er det fire boksar. Frå venstre heiter dei
fylgjande: Play bridge, Explore bridge, Shop bridge og Wiew. Når det er live
overføringar på gang er det ei svart linje som beveger seg i Explore
bridge-boksen. Klikk på den.
Klikk deretter på linja som heiter Vugraph theatre. No får du opp ei liste over
borda det er overføring frå. Klikk på det bordet du vil sjå på for å komme inn
som tilskodar.
Dersom du vil spele gjer du slik:
Klikk på Play bridge-boksen. Velg for eksempel Main bridge club.
No får du ei oversikt over borda det blir spelt på. Heilt til venstre står
namnet på den som har serva bordet, så ser du kven som sit nord, syd, øst og
vest. Dersom det er ledige plassar står det ikkje noko på den ledige plassen. Du
kan dobbelklikke på bordet og spørre om du får vere med.
Dersom du vil starte ditt eige bord, klikkar du på Start New Table-boksen.
MSM (Microsoft)
Av Toril Espe
http://www.msn.com
Velg Games. På sida over ulike spel vel ein Bridge (under cards and boards).
Det einaste som krevst er at ein har ein net passport - hotmail-adressa fungerer
greitt som det - eller ein kan lage ei ny hotmailadresse og knytte nicket mot.
MSN sine sider har fleire nivå:
Det første er "sosiale rom" der ein spelar med andre eller mot datamaskiner.
Her får ein ikkje sjå og samanlikne kva andre har spelt, så det
er berre for trening.
Trinn to er "competative" der ein ser kva andre har spelt og ein kan sjå
totalscore eller gjennomsnittsscore i % - ein kan då også sjå kva andre har
spelt og korleis dei har meldt.
Det siste trinnet er Turnering - det er turneringar kvar dag kl 16, 19 og 22 -
og så eit par til om natta. Her er det berre å møte opp og annonsere
etter makker dersom ein kjem aleine. Turneringane tek i overkant av 2 timar, og
det er litt venting på at alle borda skal bli ferdige.
Systema som er brukt der er sayc basic, sayc full og standard american. Som
nybegynnar er det eigentlig berre å seie at ein brukar sayc basic (og dersom ein
ikkje kan overføring, er det eigentlig berre å sei det til makker, dei fleste er
veldig greie sånn).
Eg vil anbefale at du startar på nivå 1 til du blir kjent med korleis det
fungerer, og så, rimelig kjapt gå over til trinn to - slik at ein ser litt om
korleis ein står også. Det er fleire trinn der også, novice og expert.