Haldor mot Zia
Av Haldor Sunde

I siste runde i finalen i Reisinger skulle vi møte laget til Zia. Laget hans var på dette tidspunkt på 4. plass, og hadde sikker margin bakover. Med full uttelling i siste runde, var det mulig for dei å avansere fram til 3. plass.

Første spelet var dette: 

Giver: N
ØV i sona
K D 4 3
E D 7 3
kn 5
E kn 4
 
kn 6 2
10 8 5 4
4
K D 10 7 6
  5
9 2
K D 10 9 6 3 2
5 3 2
  E 10 9 8 7
K kn 6
E 8 7
9 8
 

Zia med makker melde seg kurant opp i 6 spar N/S, som berre var å strø. Har ikkje fått klarlagt korleis meldingsforløpet gjekk, men tenkjer det ikkje var så ulikt mitt og Arve Farstad sitt som gjekk slik.

Nord (Haldor) Vest Syd (Arve) Vest
1 NT Pass 2 hjerter (overføring) Pass
3 ruter (god spartilpass og dobbel ruter) X 3 hjerter (cuebid) Pass
3 spar Pass 4 ruter (cuebid) Pass
4 NT (RKCB) Pass 5 hjerter (2 av fem ess utan dama) Pass
5 NT Pass 6 spar Pass
Pass Pass Pass  

Dermed gjekk det spelet i bordet  (1/2 - 1/2).

Neste spelet var dette:   

Giver: Ø
Alle i sona
10 5
E 9 5
D 9 7 2
kn 9 8 2
 
E K kn 9 6
kn 10 8
K
D 10 5 4
  D 4 3
6 3
10 8 6 5 3
7 6 3
  8 7 2
K D 7 4 2
E kn 4
E K
 
 

Med 17 hp og god 5-kortsfarge valgte Arve Farstad i syd å vurdere korta sine til ein 18-19 NT, og opna difor med 1 hjerter. Vest meldte inn 1 spar, og eg støtta til 2 hjerter i Nord. Etter pass i øst, meldte Arve 2 spar, som var langfargetrialbid.  Dermed synes eg i at korta mine var bra nok, og hoppa til 4 hjerter.

Når Vest ikkje greier å spele trumf ut, er det ikkje lenger noko muligheit for motspelet å hindre at det blir ei sparsteling i bordet. Det må bli 10 eller 11 stikk, alt etter kva slags rutervariant som blir valgt. Aktuelt tok Arve ruterkappen, slik at det vart 10 stikk.

Makker til Zia, som også spelte  med 15 - 17 NT, fann ikkje noko tillegg, og opna med 1 NT.  Dermed vart han spelande 1 NT med 8 stikk.

Vi vann runden 1 1/2 - 1/2.  Zia-laget trengde 2 poeng for å avansere.