Utspel og oppspel frå konge-knekt femte
| Rundenr 16 | ª 74 | ||
| Spillnr 40(8) | © J8762 | ||
| Giver: Vest | ¨ 7 | ||
| Sone: Alle | § KJ963 | ||
| ª AQ96 | ª 52 | ||
| © 3 | © AKQT94 | ||
| ¨ AKJ8652 | ¨ 94 | ||
| § 7 | § AT8 | ||
| ª KJT83 | |||
| © 5 | |||
| ¨ QT3 | |||
| § Q542 |
I dette spelet frå SIB-mixen sat vi nord-syd og såg på at motparten uforstyrra meldte seg opp i 6 ruter med vest som speleførar. Terje Lie fann det einaste utspelet som kan gjere det vanskeleg for speleførar - han spelte ut ein liten kløver frå K kn 9 6 3. Speleførar stakk i bordet og spelte trumf til esset, trumf konge og ein liten trumf. Eg kom inn på dama og skifta til ein liten spar. No har vest eit kjempeproblem. Han har i utgangspunktet to avkast på hjerterfargen. Skal han satse på at hjerterfargen er gåande og bruke spar ess, eller skal han ta sparkutten på direkten? I dette tilfellet gjekk han på spar ess og måtte gå ei beit når hjerteren ikkje sat. Legg merke til at hvis syd ikkje spelar spar, kan speleførar i fred og ro teste hjerterfargen og deretter ta sparkutten når hjerteren ikkje ordnar seg.