Motspelsproblem
Av Arnt Ola Fidjestøl

Motspelet i dette spelet frå Lærum-cup blei svært vanskeleg og no lurer både Antix og eg på om nokon har forslag til korleis dette kan løysast:

Vest (du) Nord Øst Syd
    2 ru (multi) 3 NT
Pass Pass Pass  

Eg speler ut kløver konge. Vanligvis speler eg ut E frå E,K, men eg er interessert i fordelingskast, ikkje styrke. Makker legg åttaren. Kva no?

Makker har truleg fire eller to kløver. Sannsynligheita er vel størst for to sidan han har vist minst 6 korts major. Altså vrir eg til spar og claim 9 stikk. Sjølvsagt hadde makker fire kløver og speleførar D x. Einaste trøsta her er at liten kløver hadde vore verre. Slik var heile spelet:
 

Spel nr. 62 7 5 3
D 7 5 3
kn 10 7 4
10 2
 
D kn 9 4 2
-
9 6 2
E K kn 6 4
  10
kn 10 9 8 6 2
K 3
9 8 7 3
  E K 8 6
E K 4
E D 8 5
D 5
 


Spørsmålet mitt er om det er mulig å redde denne situasjonen for motspelet?

Eg tenker at det kanskje er ein ide å avtale at kongeutspel ber om dame-offer for å unngå blokkering? Med andre ord lover utspelet knekten i fargen. Med ein slik avtale ville eg ihvertfall redda situasjonen dersom makker sat med kløverdama tredje (har han ho andre er løpet køyrt anyway). Men det gjorde han ikkje aktuelt sett og dermed er eg i samme knipa. Har speleførar D,x eller D,x,x,x ? :-)

Kommentar frå Jonill:

Slik eg spelar må makker alltid legge styrke/svakheit i denne situasjonen. Ein vil jo gjerne legge styrke, men samstundes vil ein at makker skal spele honnør, ikkje liten. Men det får vi vel ikkje til? Ein annan ting er at når vi spelar ut kongen er makker "programmert" til å legge styrke med knekten. Det må han etter Arnt Ola sitt forslag slutte med. Korleis spelar de dette folkens? Send ein e-post til jonill@hotmail.com Må vi leve med at slike kontrakter går heim, eller kva?