Stoppkortet

Stopp blir brukt for å gje motparten omlag 10 sekunders obligatorisk tenkepause. Pausen på 10 sekund startar etter at motparten har fått svar på eventuelle spørsmål.

Stopp skal brukast:

- Etter opningsmelding på to-trinnet eller høgare
- Etter alle meldingar der ein hoppar
- Etter alle meldingar (unntatt pass) i konkurranseprega meldingsforløp frå tretrinnet og oppover

Merk at i meldingsforløp der stopp skal brukast, er tenkepausen obligatorisk sjølv om stoppkortet ikkje er lagt på bordet (eller det blir sagt stopp). (Dvs at hvis motparten opnar i to spar SKAL du vente i 10 sekund før du melder uansett om det blir sagt stopp eller ikkje)

 

Hans Hermann Kalhagen tek opp problem med bruken av stoppkortet.

 
Kva med opningar på 4 og 5 trinnet? Er det då nok med 10 sek til motparten? 3 opningar er me meir vane med, så der er det ok.
 
Det er vel fort slik at dei fleste har eit forsvar mot opningar på tre-trinnet, og at det difor er nok med 10 sekund tenkepause? Kva meinar de? Burde det vere lenger pause når ein opnar på 4- og 5-trinnet? Kom med synspunkt på bruken av stopp til: jonill@hotmail.com

Her er nokre synspunkt:

Ein svakheit ved stoppmeldingar er dei som melder (som regel pass) med ei gong etter stoppmeldaren (eit sekund etter stoppkortet er lagt opp). Dette er det så vidt eg veit ikkje noko straff for, dermed veit alle og i alle fall makker at dei ikkje hadde noko å tenke på. (nokre sit med passlappen i handa til det blir sagt versågod).

Eitt minutt går fort!
Lat opnaren på førehand gje beskjed om at nestemann får eitt minutt, og det er opnaren som seier versågod, ikkje nestemann som seier at han er klar.

Det burde snarare vore mindre tid, då det er færre meldingar å velge mellom :-)

Eg meinar at dersom motparten opnar på 4 eller 5-trinnet er det framleis nok med 10 sek. Det er jo ingen som har sagt at det ikkje er lov å tenke lenger!! Dersom ein ikkje har noko å tenke på, finn ein ut det på mindre enn 10 sek. Dersom ein brukar meir enn 10 sek. på å passe viser det her som i alle andre situasjonar at ein har noko å tenke på, og makker har ikkje lov å benytte seg av denne informasjonen.