Stemningsrapport frå Denver
Av Kenneth Skov

 

Vi rauk ut av semi-finalen av Reisinger på laurdag. Det er nok ei av verdens tøffaste turneringar, og turneringsforma er Board-A-Match. Det er ei ekstrem form for bridge, ein kan kalle det parturnering mot eit bord. Det er et godt felt, og sovnar ein i eit sekund så blir det 0 på spelet.

 

Første sesjon spelte eg med Fred A. Moen, med Jan Petter Svendsen og Erik Sælensminde på andre bordet. Vi møtte en del puddingspelarar på vårt bord, eg kan fort nemne namn som Zia, Michael Rosenberg, Giorgio Duboin, Norberto Bocchi, Bobby Levin, Mike Passel, Eric Rodwell, Jeff Meckstroth, Chip Martel, Lew Stansby m.m.

 

Hadde vi spelt litt over evne så hadde vi klart å gå vidare til finalen, men vi var ikkje i nærheita av å klare det.

 

Følgande spel mot Bocchi – Duboin varma imidlertid et bridgehjerte fra Syvde:

 

N/ØV ♠ A J 4
6
J 9 8 3
♣ K Q 10 3 2
 
♠ Q 8 2
10 2
K 7 5
♣ Kn 9 6 5
  ♠ 6
A Q 8 7 3
A Q 10 2
♣ A 8 7
  ♠ K 10 9 7 5 3
K Kn 9 5 4
6
♣ 4
 

 

 

Vest (Bocci) Nord (Moen) Øst (Duboin) Syd (Skov)
  1 kløver 1 hjerter 1 spar
Pass 2 spar X 4 spar
Pass Pass Pass  

 

Litt i hardaste laget, men eg hadde ikkje reist heilt frå Syvde for å sitte å spele delkontrakter mot toppgutta J. Bocchi spelte ut hjerter ti til Duboins ess, han skifta så til ruter ess og meir ruter som eg stal. No var det tid for litt lynbridge! Kløver til tieren og esset, meir ruter som eg røffa. Spar konge, spar til knekten, kløver til stjeling og spar til esset.10 enkle stikk!!!! ”Bravo, well done” kom det tappert fra Bocchi, som nok frykta en tallerkenscore på spelet.

 

Eg var ganske sikker på at vi hadde vunne spelet, men på det andre bordet hadde Silla og Svendsen dobla dei i 3 spar. Speleførar tok 9 stikk og var fornøgd med det.

 

Då vi møtte Zia blei det fart i korta:

 

Nord/Ingen ♠ K Q 2
5 3

8 7 5 2

♣ A K 8 2

 
♠ 5 4

  A K Q J 10 9 6 4
♣ 7 6 5
 

♠ 10 8 7 6
A Q 8 7 6 2

♣ 10 9 4

  ♠ A J 9 3
K J 10 9  4
3
♣ Q J 3
 

 

 

Vest (Zia) Nord (Skov) Øst (Rosenberg) Syd (Moen)
  1 kløver 1 hjerter Pass
1 NT !!! Pass 2 hjerter X
2 NT !!! Pass 3 kløver X
3 ruter X XX Pass
Pass Pass    

 

Eg åpna stille og rolig i Nord med mine 2 stål, Rosenberg sklei innpå med 1♥, makker straffepassa og Zia meldte som den mest selvfølgelige ting i verden 1 NT. Pass frå meg, 2♥ frå Rosenberg, dobler frå makker og 2 NT frå Zia. Eg hadde ikkje meir å tilføye, så eg passa. Rosenberg gjorde då ein feil som er svært vanlig når ein speler med Zia, han begynte å prøve å finne ut kva Zia hadde for meldingane sine. Han konkluderte med at han måtte ha noko i minor, og meldte følgelig 3 ♣. Den kunne makker doble, og no synest Zia at det var på tide å introdusere sin hittil umeldte gåande åttekortsfarge i ruter. Han meldte følgelig 3♦. Eg måtte selvfølgelig doble den med min tette og gode ruter J.

 

Rosenberg begikk då endå ei dødssynd, han redobla for uttak!!! Zia hadde ikkje så lyst til å flykte, så det gjekk pass rundt. På det tidspunktet trur eg faktisk Zia var veldig fornøgd med utviklinga. Han sit på åtte bombesikre stikk, makker har meldt inn 1 ♥ og jobba en del etterpå, så han var nok ganske sikker på heim på heimgang.

 

Når eg så var frekk nok til å spele ut kløver ess og sammen med makker sørge for å sikre oss fem svarte stikk og ei blå-beit, så var han for å seie det mildt ikkje heilt i topphumør! 200 inn gav oss 1 på spelet, sidan det foregikk i litt meir siviliserte former på det andre bordet.