Speleprøve frå ei singelturnering på BBO
Av Haldor Sunde

 

Stoda er fylgjande:  Du sit i øst, og meldingforløpet har gått slik:

Vest

Nord

Øst (du)

Syd

 

 

 

2 spar (svake 2)

Pass

4 spar

Pass

Pass

Pass

 

 

 

Makker spelar ut ruter ess, og du ser på fylgjande:

 

Bordet
E kn 6
K D 6 2
kn 7 5
E K 7

 

 

 

Du
D 8 3
E 7 5
10 9 4 3
kn 8 6

 

 

 

Bordet legg ein liten ruter, du legg ruter 4 (har ingen spesielle avtaler, dette er ei singelturnering) og speleførar kjem på med ruter dame. Makker skiftar til kløver 3, og speleførar stikk med esset i bordet.  Deretter blir liten hjerter spelt frå bordet, og spørsmålet er korleis du tenker deg motspelet vidare.

Eg fantaserte om at speleførar si hand fort kunne vere noko slikt som:

K 10 x x x x
kn
D x
D x x x x

(ei heilt normal svake 2-åpning).

Altså gjeld det å cashe stikka sine og håpe på at speleførar bommar sparen. Som tenkt så gjort. Opp med hjerter ess og framhald i ruter til makker sin konge som var stikk. 
Deretter var det slutt. Given såg slik ut:

 

E kn 6
K D 6 2
kn 7 5
E K 7

 

5 2
kn 8 4 3
E K 8 2
D 10 3

 

D 8 3
E 7 5
10 9 4 3
kn 8 6

 

K 10 9 7 4
10 9
D 6
9 5 4 2

 

Speleførar hadde ingen problem med å ta resten med rett sparvariant. 

- Uff,  kom det frå makker som for anledninga var norsk, og eg skjønnar vedkomande godt. 7,5 IMP i utbetaling i staden for komfortabel innkomst om eg berre hadde helde i korta.

PS  Må berømme speleførar (ein utlending) for fantasifull speleføring. 

Odd Egil klarte prøva sjølv om korta ikkje var akkurat slik han trudde:

Spelefører har dobbel hjerter kn, singel ru og fire kløver uten dama. Du må derfor legge liten hjerter i stikk 3, ellers blir det 2 avkast og vunnen kontrakt. Forutsetter selvfølgelig at spilleren ikkje finn spardama.

 

Rune Horvei klarte den også:

Må vel satse på at syd har 6-2-1-4 uten kløver dame og bommer spar dame. Legg liten hjerter. Har luringen 6-1-1-5, blir det tapt spel har han hj knekt.