Sørgelege greier

 

Berre fire av 22 par på bedriftsmeisterskapen klarte å melde 7 ruter her:

 

Rundenr 11

 

ª QT874

 

Spillnr 87(23)

 

© KJT82

 

Giver: Syd

 

¨ 7

 

Sone: Alle

 

§ 62

 

 

ª AK2

 

ª J

 

© Q5

 

© A7

 

¨ A854

 

¨ KJT9632

 

§ AQ84

 

§ K95

 

 

ª 9653

 

 

 

© 9643

 

 

 

¨ Q

 

 

 

§ JT73

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Her er eit forslag til meldingsforløp som ikkje burde vere heilt umogeleg å få til:

 

Vest

Øst

 

 

1 kløver

1 ruter

2 NT (18-19)

3 ruter

4 ruter

4 hjerter (cue)

4 spar (cue)

4 NT

5 kløver (0 eller 3 av 5 ess)

5 NT

6 spar (viser spar konge)

7 ruter

 

Når øst får vite om spar konge i vest veit han at hjertertaparen kan kastast på spar. Einaste kortet han ikkje veit kor han skal gjere av er den tredje kløveren. Med spardame eller kløverdame hos makker er det 13 toppstikk, og det bør ein vel kunne ta sjansen på?

 

Eg trur grunnen til at så få kom i sjuaren er at vest melder 3 NT over 3 ruter. Men saken er at når øst gidd melde ruter her i staden for å melde grand sjølv må det vere ein slags sleminvitt. Alternativa med dårlege kort og ruter er pass på 2 NT, 3 NT eller 5 ruter.