Oddeball og sånn...

Snorre Aalberg har skrive mykje om oddeball på heimesida til Kristiansand (bla nedover, så finn du det). Dette er ein flott konvensjon som ein brukar i motspel for å vise kva ein har. F.eks:

Du spelar ut ein liten hjerter mot 3 NT frå tieren femte. I bordet dukkar det opp to små, makker legg knekten og speleførar stikk med kongen. Kven har dama??? Det kan du umogleg vite. Oddeball eller smith betyr at avkastet ditt i neste stikk (hvis du kan) syner om du likte utspelet eller ikkje. Alt etter avtalar legg du høgt eller lite kort i motparten sin farge for å vise om du har dama.

Vel og bra, men jammen er det vanskeleg å hugse på at ein brukar slike konvensjonar. Eg trur eg har hatt det på systemkortet i åresvis, men hvis makker og eg har hugsa det samstundes ein gong, er i allefall det maks! Dessuten - kva skal du gjere hvis du berre har singelton i motparten sin farge og det hastar med å gjere rett? Dette spelet heldt på å ta knekken på meg i KM par:

Syd opna i sterk kløver (16+) og motparten meldte seg opp i 3 NT med kommentaren: - Eg tok ein sjans... Synd for dykk som treng poeng om det står...

Eg spelte ut ein liten hjerter:

  E kn
9 2
9 8 4
D 9 7 6 5 4
 
D 10 8 3
10 8 7 6 5
K kn
K kn
   
     

Den gjekk til knekten og kongen hos speleførar som la ned kløver ess (makker la kløver to) og spelte ny kløver til min konge. No la makker ruter 3. Eg visste om sju poeng i hjerter og fire poeng i kløver hos speleførar. Det blir 11 poeng. Makker må ha ruteress for å legge styrke, så det er ganske sikkert at speleførar har spar konge. I tillegg må han ha ei raud dame for å ha 16 poeng. Hvis han har ruterdame, får han alltid ni stikk og eg dytter på endå eit stikk ved å spele ruter. Hvis han har hjerterdame skal eg sjølvsagt spele ruter. Til slutt fant eg ut at når makker tok seg bryet med å legge styrke i fargen i staden for å kaste svakheit i ein annan farge hadde han sikkert ganske solide kort, så eg spelte ruterkonge og ny ruter. Det var flaks, for heile spelet var slik:

  E kn
9 2
9 8 4
D 9 7 6 5 4
 
D 10 8 3
10 8 7 6 5
K kn
K kn
  7 6 5 4
kn 3
E D 7 6 5 3
2
  K 9 2
E K D 4
10 2
E 10 8 3
 

Men kva trur du skjer om speleførar spelar liten kløver i stikk to, og eg er inne på kongen uten at makker har fått lagt styrke i ruter? Då er eg redd det blir -12,7 til oss i staden for +12,7 som det blei no!