Sona på Hafslo
Av Synnøve Balevik

Bestemor og barnebarn spelte i lag på Hafslo. Kenneth (16 år) har nettopp gått kurs, så han er temmeleg fersk. Vi starta bra. Låg på sjetteplass etter første runde, og etter sjuande låg vi som nr.2, med bestefar Anders på første. No gjekk det ein god del nedover seinare, men vi vart IKKJE sist, som vi hadde rekna med.

Kenneth til venstre og Arnstein som spelte med Anders Balevik til høgre.

Ei lita historie undervegs:

Vi hadde meldt oss opp i 4 spar som Kenneth skulle spele. Jo Ketil frå Hafslo dobla, men sa litt uroleg: "Det er vel kanskje feil å doble nybegynnarar". "Ja, sa makker hans, men då må heile salen ta slike omsyn". Så doblinga vart liggande, og Kenneth spelte inn kontrakta! Vel, litt ufortent, det var ein syltynn beit, men når motparten gjorde feil, så fauk kontrakta inn!!!! Ikkje verst? Han storkosa seg, sjølv om vi kom loveleg seint i gang, og han blir nok å finne på turneringar fleire gongar.

Helsing ei fornøgd bestemor, Synnøve Balevik.