Kursbridge
av Jan Frode Bolstad
Det vert for tida halde bridgekurs i ein bridgeklubb, heilt innerst i Sognefjorden. For å ikkje avdekka kven dei impliserte partar er, vert namn og klubb utelate. J
På kurskveldane pleier nokre av dei erfarne spelarane i klubben stikke innom å sjå på. Sist kurskveld var ein av dei så heldig at han og fekk spela, då det mangla ein mann på eit bord. Rundt borda på kurset vert det naturleg litt prating: ”Eg melder 1NT, fordi eg har 15-17 og jamn fordeling”
No har det seg slik, at denne kursbridgen, og dertil pratinga rundt bordet har spreidd seg til spelinga i ein naboklubb. Det vert her og presisert, ofte av blindemann: ”Kor mange stikk skal du ha? Kor mange har du? Korleis kan du få tak i dei du manglar?” Samt ymse andre kursgloser.
Sist klubbkveld dukka dette spelet opp: Nord er kurshaldaren, sør er den heldige som fekk vera med på kurset kvelden før. For kvelden innleigd makker. (Ein erfaren bridgespelar). Aust er også med på kurset, så han kan bevitna at meldingane gjekk rett etter boka……
| x x K D E K D x K kn x x x |
||
| E kn 10 x x E x x x x x x x |
D x 10 x x x x x x x x D x |
|
| K x x x kn 9 x x kn x E x x |
| Vest | Nord | Aust | Sør |
| Pass | |||
| Pass | 1 kløver | Pass | 1 hjerter * |
| 1 spar ** | 2 spar *** | Pass | 4 spar # |
| Pass !! | 4 NT | Pass | 5 ruter |
| Pass | 5 hjerter | Pass | Pass |
| X | Pass | Pass | Pass |
Etter to passar, opna Nord med 1 kl. Sør meldte 1
hjerter, med kommentaren: ”* No veit makker at eg har 6p+ og minst 4 hjerter. **
I forbifarten vert det meldt inn 1 sp. DETTE fekk ikkje den gode Sør med seg.
Kursledaren (Nord), ser 3 NT som muleg sluttkontrakt og melder 2 sp ***(spørsmål om hold) med kommentaren: ”Dette har du ikkje lært på kurset” (Då dei ikkje er komne til dette kapittel i boka.). Sør svarar då: ”Jo du har 5 kløver og 4 spar , og 18-19p. Sannsynleg vis med ein singleton, ettersom du ikkje meldte 2NT.” Nord var litt overraska over resonnementet, men kunne jo ikkje opplyse om at det faktisk var meldt inn ein spar.
Etter ein tenkepause, og nøye kortvurdering smell 4sp # i bordet !!! ”Eg har spartilpass !!” Vest, som er ein roleg kar, ser litt bort på Sør…. (Er han no heilt god denne mannen??) Dyktig legg han ned ein passlapp…. Nord er no på randen av latterutbrot, men held maska godt. Aust har sett kva som har skjedd, og smiler lett.
No vil Nord prøve å redde skinnet. Det kan jo hende Sør vaknar frå dvalen….. 4NT i håp om at makker passar. (Han har jo sparhold). Sør kommenterer: ”Kva f… er dette, me skal no ikkje i slem no, no skjønar eg ingen ting”, men svarar no lydig 5 ruter, eitt ess. Nord melder 5 hj, i håp om at Sør har 5 stk, og at dette kan stå / begrensa tapet. No fekk tydlegvis Sør eit kink i nakken, for hovudet bevega seg litt og augene oppfatta den uskuldige 1 sp meldinga. ”Er det meldt inn spar her då? DET har ikkje eg sett!! ”
No først torde Vest å doble….. Men spelet var ikkje heilt over. Ruter ut til J på hand, og hjerter til A, + ny ruter. Speleførar er inne på bordet og tek for hj D, før han spelar kløver til A. Han tek for hj J Han ser no eit lys i tunnelen: Kl D andre i kutt, så forsvinn spar på kløver og ruter. Med trumfen 3-4 og 10 en i Aust. ….Lyset han såg i tunnelen, var toget som kom, Aust fekk for Kl D, tok ut trumfen og spelte spar. Resultat 1100 i beit, ein god latter, og noko å snakka om på neste kurskveld.