Å gjere det godt i ei turnering – del II
av Kenneth Skov

 

Rundenr 37

 

ª KJT87

 

Spillnr 74(10)

 

© AK5

 

Giver: Øst

 

¨ Q6

 

Sone: Alle

 

§ KJ9

 

 

ª 952

 

ª AQ4

 

© J7

 

© QT63

 

¨ AK73

 

¨ T984

 

§ Q863

 

§ T7

 

 

ª 63

 

 

 

© 9842

 

 

 

¨ J52

 

 

 

§ A542

 

 

For å gjere det godt i ei turnering så er ein også avhengig av at motparten gjer feil, og selvfølgelig litt godvilje frå kortgudane.

 

I dette spelet møtte vi Lasse Aaseng og Tom Johansen – gamle storheiter som hadde børsta støvet av bridgedressen.

 

Eg sat i Vest, og etter to passar til meg så følte eg at det var rett å åpne i 1 ¨ for utspelet si skuld. Tom i nord hadde ei vanskelig melding, men valgte å melde inn 1ª. Haldor dobla negativt, pass frå Lasse. Ka no????? 2 kløver virka til å være det mest nærliggande. Tom dobla for å vise ei god hand, Haldor preffa til 2¨, pass og pass. Lang boks frå Tom, og pass. På dette tidspunktet tenkte eg at vi var inne for eit drit-spel. 2 ¨ på 4-3 tilpass i sona. 200 ut, 0 poeng.

 

Tom fann no ut at det var han som skulle prøve og være smart, og spelte ut ¨ 6 frå Q 6. Dette skulle vise seg å bli meget uheldig.

 

Bordet var ein positiv overaskelse. Eg stakk med ¨ 10, og Lasse som ikkje hadde fantasi til å forestille seg at makker hadde spelt ut frå dama dobbel la selvfølgelig en liten. Nå såg det no ut som kontrakta var sikker, så nå var det på tide å leite etter overstikket. Liten hj frå bordet til liten, knekten og esset. Skift til spar kn, dame, liten og liten. Ruter til esset, og hjerter mot bordet. Opp på esset, og spar konge frå Tom. Esset i bordet, og hjerter dame og vekk med spartaparen. Det heile måtte då ende med 9 stikk, og ein rein topp i Bergen.

 

Det høyrer også med til historia at eg spelte auksjonsturneringa på fredagen med Tom. I siste runde, etter x antall kalde styrkedrikkar til kvar so plukka eg opp ei heilt standard svake 2 åpning i hjerter med 2-6-3-2 fordeling. Eg åpna med 2 hjerter i første hand, og meldingsforløpet utvikla seg som følger:

 

Eg        Øst      Tom     Vest

2©       D         2ª       D

pass     pass     2 NT    D

pass     pass     3§       D

pass     pass     3¨       pass!!!!

Pass     D         3©       Pass

Pass     D

 

Eg hadde store problem med å halde meg alvorleg etter at Tom kjørte i gang melde-showet sitt. Etter alt dette så enda det med ei trøtt beit, men problemet for motparten var at både 3 NT, 4ª og 5§ sto, så det blei ein heller mager poeng-fangst for dei på spelet. Men artig var det.