Enkle triks gir store gevinster
Vi møtte årets norgesmeistrar - Tom Høiland og Nils Kåre Kvangraven ganske seint utpå laurdagen i NM par, og dei plukka oss for mesteparten av poenga.
Eg sat nord og opna i 2 NT, ingen hadde meir å tilføye, og utspelet var ein liten kløver til dama og kongen.
| Rundenr 65 | ª K732 | ||
| Spillnr 129(1) | © AKQT | ||
| Giver: Nord | ¨ A74 | ||
| Sone: Ingen | § KJ | ||
| ª Q96 | ª A5 | ||
| © 7652 | © 93 | ||
| ¨ Q92 | ¨ KJ63 | ||
| § AQT | § 76532 | ||
| ª JT84 | |||
| © J84 | |||
| ¨ T85 | |||
| § 984 |
Det må eit lite mirakel til dersom
kontrakta skal vinnast - eg har no seks stikk og må karre til meg mest muleg
sparstikk. Med andre ord spelte eg hjerter til knekten og spar knekt frå bordet.
Tom Høiland la nieren. Så spørs det kva eg skal legge på handa...
Kva legg du med dame-ni blokk når knekten blir spelt frå bordet? Du legg dama og
håpar at speleførar kan finne på å kutte på tilbakevegen slik at du får på
nieren seinare. Kva legg du med ess-ni blokk? Du legg niaren... Med andre ord
gjekk eg opp på kongen og så gjekk lyset. Seks stikk i 2 NT var verdt ein
firedelt bånn og -39 på spelet. Dersom Tom Høiland legg spar seks på knekten
legg eg liten på handa og sikrar meg 7 stikk og middelsscore.