Vanskeleg å finne beita
Arnt Ola fekk skikkeleg dreisen på dette motspelet frå ein lagkamp på BBO:
| Vest (Geir Hjelmeland) | Nord | Øst (Arnt Ola Fidjestøl) | Syd |
| Pass | Pass | 1 ruter (presisjon) | 1 NT |
| Pass | 2 kløver | Pass | 2 ruter |
| Pass | 3 NT | Pass | Pass |
| Pass |
Hjelmis spelte ut hjerter knekt, og dette kunne Antix sjå:
| 7 5 3 K 6 5 2 D 4 E 10 4 2 |
||
| Hjerter kn |
K kn 10 8 7 3 K kn 9 7 6 K kn |
|
Hjerterknekten gjekk til speleførar si dame. Han spelte kløver til esset og ny kløver slik at øst kom inn. Kva no? Tenk litt på det før du ser på svaret lenger nede....
?
?
?
Arnt Ola fant det einaste skiftet som beiter kontrakta. Spar knekt (spar konge hadde vore endå betre - sparer han for freistingar seinare). Den sto, men ny spar stakk speleførar med esset. Heile spelet såg slik ut:
| 7 5 3 K 6 5 2 D 4 E 10 4 2 |
||
| D 4 2 kn 10 9 4 8 5 3 8 6 3 |
K kn 10 8 7 3 K kn 9 7 6 K kn |
|
| E 9 6 E D 8 E 10 2 D 9 7 5 |
Utan sparskiftet får speleførar tid til å ordne seg to ruterstikk i tillegg til eitt i spar, tre i hjerter og tre i kløver. No har han ikkje lenger råd til å gje vekk eit ruterstikk og må gå ei beit.